Reborn - vedkorga er gjenfødt
Petter Aaland (dagl.leiar), Cecilie Nupen og Tone Lindgren i ungdomsbedrifta Reborn er klare for fylkesmessa.
Ungdomsbedrifta Reborn har gjenfødt den tradisjonelle vedkorga i tre moderne variantar der design og funksjonalitet smeltar saman. I tillegg kan vedstablaren nyttast som magasinhaldar når det ikkje er behov for å ha ved i hus.
Dei tre dedikerte medarbeidarane i ungdomsbedrifta Reborn driv og pakkar produkt og stand, klare til å reise til Fylkesmessa for ungdomsbedrifter. Rundt dei går læraren Vidar Grønmyr småstressa fram og tilbake, gir beskjedar om kva dei må huske å ordne før avreise. Det kviler eit visst press og forventningar til ungdomsbedrifter frå Ålesund vgs. Så ofte har dei kome heim med gode plasseringar i konkurransen. Kva er målet i år?
Dagleg leiar Petter Aaland er rask med å svare, medan dei to andre ser på kvarandre og nikkar: - Å kome vidare frå fylkesmessa til NM. Første- og andreprisar, men og gode tilbakemeldingar.
Kva er det viktigaste de har lært? - Samarbeid, kommunikasjon, sjølvutvikling og kunnskap om næringslivet, svarer elevane med glød i blikket. Samarbeidet har dessutan gått på tvers av ulike avdelingar. Medier og kommunikasjon av utvikla ei rekke med ulike dekordesign til plexiglasa, og på Teknikk og industriell produksjon har dei produsert elementa til produkta.
Kva har vore motivasjonen undervegs, for her må jo ha vore periodar med utfordringar? - Fylkesmessa har vore motivasjonen, seier Petter Aaland. - Å erfare at innsats gir resultat er og motiverande, legg økonomisjef Cecilie Nupen til.
Dei største utfordringane, kva har det vore? - Papirarbeidet, svarer dei. Utvikling av marknadsplan er ein viktig del av arbeidet i bedrifta.
Tone Lindgren er sals- og marknadssjef i Reborn. Ho fortel at dei har gjennomført marknadsundersøking i prosessen med å utvikle dei moderne ved- og magasinhaldarane. - Produkta våre er allereie til sals i butikk, legg dei entusiastisk til.
Kva er så strategien for å gjere det godt under fylkesmessa? - Å vere smilande, svare godt og gjennomtenkt på spørsmål, og å ha ei god brosjyre, fortel dei tre før vi avsluttar praten med å ønskje dei lukke til i konkurransen.
Tekst: Ole Reinlund. Bilde: Kai Åge Jansson, OR og Reborn.