NYHETER

Kulturdagen nærmar seg

Idrettsfag Vg1 framførte dans frå halling til hip hop under Kulturdagen i 2009.

Årets Kulturdag på Parken går av stabelen 22. mars. Vi legg opp til to forestillingar slik at heile skolen skal få oppleve dette. NY FRIST FOR PÅMELDING AV INNSLAG: Fredag 11/2.

Vi utfordrar alle klassane til å ta opp Kulturdagen som sak i neste k-time for å finne ut om heile klassen, ei gruppe av elevar frå klassen eller enkeltelevar har idear til sceneinnslag.

Ingen grenser

Det finnes ingen grenser for kva ein kan foreslå, øve inn og presentere på audition for programkomiteen. Det kan vere musikkinnslag med band, vokalgruppe, klassekor eller solistar innafor kva sjanger som helst. Det kan vere humorinnslag som standup eller sketsj, danseinnslag, trylling eller visning av eigenprodusert kortfilm etc. Det blir og audition for å finne eit flott programleiarpar.

Ny frist 11/2 for å melde på innslag

Forslag om sceneinnslag må meldast til programkomiteen innan 11. februar. Komiteen består av fire elevar pluss ass.rektor. Dei to elevråda plukkar ut to elevar kvar til å sitje i programkomiteen.

Enkel og ufarleg audition innan 25. februar

Deretter blir det kalla inn til ein enkel og ufarleg audition der dei ulike sceneoinnslaga blir presentert heilt eller delvis for proramkomiteen. Slikt er veldig kjekt å vere med på, og hovudpoenget med denne er å opprette kontakt med dei ulike aktørane for å utvikle innslaga fram mot forestillinga.

To forestillingar

Saman med dei to programleiarane set komiteen saman eit program på 70-90 minutt. Forestillinga blir køyrt to gonger 22. mars, kl. 11.30-13.00 og så kl. 13.30-15.00. Lyd- og lysfolka ved Parken Kulturhus blir med oss for å gjere sitt til at Kulturdagen 2011 til ei stor oppleving både for utøvarar og publikum. Medier og kommunikasjon blir utfordra til å filme det heile.

Sjå glimt frå kulturdagane dei siste to åra:

Kulturdagen 2009. Kulturdagen 2010.

Tekst: Ole Reinlund

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish