NYHETER

Kulturdag med kvalitet og mangfald

1ID1 (Idrett) sitt nummer Fredagskos hadde det meste. Her var både film, dans og song.

- For eit høgt nivå på alt saman, var det mange som sa etter ein fantastisk kulturdag for eit stappfullt Parken kulturhus tysdag. Elevane dansa, spelte, song og viste eigenproduserte filmar i ein herleg blanding framfor eit begeistra publikum. 

Den årvisse kulturdagen til Ålesund vgs starta med ein imponerande dansemedley av idrettsfag Vg3. Frå halling via hip hop til kinesisk kampsport sette dei standarden for kva som etterpå skulle kome.

Alle fire idrettsklassane i aksjon

Dei tre andre idrettsklassane fulgte opp med like flotte, men ulike, felles dansenummer spreidd utover i programmet. Idrett Vg2 med "Team Yngve" avslutta heile forestillinga og blei kåra til Beste Klasse.

Ho rørte oss

Prisen for Beste Innslag gjekk i år til Emma Nordstrand med songen "Angel" av Sara Maclachlan. Vakkert, kjenslenært og ærleg framført med ei flott stemme. - Ho rørte meg, sa jurymedlem Anita Valderhaug etter kåringa. Emma går Vg3 ST, og var med på kulturdagen også for to år sidan.

Som ein liten filmfestival

Publikum blei tatt med på ei spennande reise gjennom dette kulturdagsprogrammet, og sentralt i år var eit knippe med flotte filmar levert av elevar frå Medier og kommunikasjon. Av dei seks filmane som blei vist var det to animasjonsfilmar som utmerka seg både med originalitet og generelt høg kvalitet. Klasse 2MED3 vann for desse to animasjonsfilmane prisen for Beste Film.  

Dans som betyr noko

To flotte single dansenummer, først med Morsal Asefi og så med Vilde Sønderland fekk publikum oppleve. Koreografien hadde begge skapt sjølve, og dei fekk begge vist både kreativitet, flott teknikk, presisjon, energi og musikalitet. Juryen gav prisen for Beste Dans til Morsal Asefi. - Det var tydeleg at dansen betydde noko for henne, uttalte juryen om Morsal.

Vokalistar som tør og kan

I tillegg til dansenummer og filmar stod det eit modig og vakkert knippe med vokalistar på programmet. Emma Nordstrand er nemnd, og ho dukka opp også i eit nummer saman med Maria Flakk og Karoline Hove Aase på vokal, og med Jacob Lade Steenvåg på flygel. Først Maria, Karoline og Jacob med Ain't got You av Alicia Keys, deretter What are words av Chris Medina. Begge låtane framført med trøkk, innleving og stemmeprakt til eit flott flygelakkompagnert som både lyfta, understreka og utfylte songarane.

Tre unge menn med gitar sette definitivt sitt preg på kulturdagen. Øyvind Remme (på bildet til høgre) framførte trygt og godt sin eigen Memories are gone, dedikert til klassen sin på Vg1 MK. Andreas Myklebust frå Vg2 Sal, Service og Sikkerheit avslørte ein særprega, flott og mørk stemme som passa perfekt til Johnny Cash sin versjon av Hurt, medan Joachim Slinning tente ein røyk og song sin eigen Gi meg en røk, lunt og humoristisk med ein klar og fin vokal.

Samla sett viste desse tre musikalitet, mot og flotte stemmer. Og det blir ei eiga nerve i framføringa når ein sit der på scenekanten aleine framføre 600 medelevar og lærarar i salen.

Lærarinnslaget

Avdelingsleiar Kai Åge Jansson stod og der aleine med gitaren og stemmen sin etter at alle elevane hadde framført sine nummer. Medan juryen måtte skunde seg å lande på kven som skulle vinne dei ulike prisane framførte Kai Åge sikkert og vakkert The drugs don't work av The Verve.

- Eg visste ikkje at Kai Åge kunne spele og synge, kviskra ein av lærarane til meg under låten. Og slik formulerer læraren ein av mange gode grunnar til å arrangere kulturdag, at vi får vist andre sider av oss sjølve. 

Kulturdagen 2011 blei ledig og lystig leia av to smilande jenter, Vilde Sønderland og Maren Kringstad. Her var humor og eleganse, vitsar og engasjement.

Kompetent jury

I juryen satt Manuela Werler, bibliotekar ved Ålesund vgs, pluss dei to dramalærarar Anita Valderhaug og Endre Volden frå Fagerlia vgs. Dei hadde i tillegg med seg ti elevar frå Vg3 drama, som brukte kulturdagen som trening i vurdering, og som gav sine stemmer til juryen.

Under Album på heimesida vil det bli laga eit komplett album med bilete av alle sceneinnslaga frå kulturdagen.

Tekst: Ole Reinlund, Foto: Kai Åge Jansson

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish