TV-sending frå eige studio
Frå sendinga, programleiarane Robin Lid og Pia Johansen i studio.
- Spennande og artig, oppsummerer Filip Cubrilo, elev i 3MDE ved Ålesund vgs. etter TV-sendinga som gjekk i vrimlearealet på Volsdalsberga tysdag 15. desember i matpausen.
- Travelt, meiner Tonje Stavdal og Pia Johansen, som legg til at når gjestar melder avbud rett før sending, så får ein utfordringar med å improvisere og skaffe nye gjestar til sending. Dei er mellom elevane i 3MDE som står for sendinga, saman med faglærar Kirsti Dale. Dagens sending tok mellom anna føre seg planar for jul og juleferien.
Avdelingsleiar Artur Godø var også mellom gjestane. Han snakka om satsinga på Ungdomsbedrift ved programområdet Service og samferdsel. - Eg synest det gjekk bra, slår faglærar Kirsti Dale fast. - Elevane var flinke! Vi hadde litt problem med teknikken, men er vel i mål med den første gjennomkøyringa.
Skulen har etablert TV-studio for elevane på Medium og kommunikasjon og er no glade for å vere i gong med sendingar frå studio. Planen framover er å ha sendingar på skulen gjennom skuleåret og også streame sendingane ut på nett.På bildet ser du ein del av elevane i 3MDE, f.v. Lars Klubbenes, Pia Johansen, Tonje Stavdal, Robin Lid, Filip Cubrilo og Kristian Måløy.