NYHETER

Smilet og håpet

Amal Aden

Forfattaren Amal Aden besøkre Ålesund vgs med sterke historier og ein viktig bodskap.

Amal Aden er født i Somalia. Som 13-åring kom ho til Noreg, og etter ei tøff ungdomstid har ho no skrive tre viktige bøker om opplevingane sine både i det krigsherja Somalia og i det nye heimlandet Noreg. Vi inviterte henne til skolen.

Berre tre dagar har Amal Aden fått gått på skole i løpet av sitt 26-årige liv. Som barn mista ho tidleg foreldra sine og levde som gatebarn i Somalia. Ho fortel engasjert og naturleg om eit liv vi har vanskeleg for å setje oss inn i. Etter at ho kom til Noreg som 13-åring opplevde ho heller ikkje den omsorgen og forståinga som ho trengde, og hamna på gata i Oslo.

I dag har ho det bra, men er alltid på vakt og stadig trua. Kvifor? Fordi ho skriv kva ho skriv, og fordi ho reiser rundt omkring i landet og modig kritiserer ein kvinneundertrykkande muslimsk kultur. Men Amal Aden svinger pisken i fleire retningar. Ho er svært kritisk til innvadrings- og integreringspolitikken i Noreg, og kritisk til barnevernet, slik dei tok i mot henne og andr. Amal Aden er modig og brennande opptatt av å seie frå for om mulig å bidra til at ting kan bli betre.

Amal Aden hadde fire økter på ein dag ved Ålesund vgs. Elevar og lærarar fekk rikeleg med høve til å stille spørsmål, og på spørsmål om kva etniske nordmenn kan ha å lære av brødre og søstre som kjem hit frå t.d. Somalia svarte ho kontant: - Smilet og håpet! Ho lurte på kvifor vi nordmenn var så sure, vi som har det så godt? Til elevane var det viktig for henne å seie kor viktig det er å vere takksam, ha håp, opptre venleg og smilande, men og modig. Mot til å seie frå, som det heiter i skolens verdidokument.

(Bildet til høgre: Lærer Yngve Birkeland introduserer Amal Aden og viser fram dei tre bøkene ho har skrive.)

Tekst og foto: Ole Reinlund

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish