NYHETER

Skolen på kaia

Flott å vere saman på plenen, svaberga eller kaia rett utafor skolen på Volsdalsberga.

Onsdag 8/9 var det Maritim dag på Volsdalsberga for Vg1-elevane ved skolen. Dette er eit arrangement det ligg uvanleg godt til rette for når skolen praktisk talt ligg på kaia. I tillegg var veret fantastisk.

Grilling på kaia, med fiskeburger som spesialitet, la eit teppe av god grillukt over Volsdalsberga denne dagen. Vg1-elevane skulle få kose seg i finveret, bli enda betre kjende med kvarandre, og på menyen stod ulike tilbod på fjorden.

Fisketur med Havung

Arne Tunheim, som underviser på Naturbruk ved skolen, hadde tatt med seg fiskeskøyta Havung for dei som ville vere med på eit liten fisketur. Det blei fleire turar for å få med alle som ville, men den store fangsten blei det neppe. Det er flott berre å kome seg ut på fjorden.

Ei runde med Knarren

Vikingskipkopien Borgundknarren stilte også opp på Maritim dag, og mange elevar og lærarar nytta sjansen til å få seg ei runde med den stolte skuta. Knarren er ein nøyaktig kopi av Skuldelev knarren, som blei funnen nedsøkt i Roskildefjorden i Danmark. Desse båtane blei brukt både som krigsskip og handelsskip frå tidleg vikingtid av, frå slutten av 800-talet og utover.

Vannski og tube

Med sine 115 hk er skolens eigen Grønholm godt eigna både til å kome raskt ut på fiskefeltet eller i dette høvet å dra vannski eller tube. Nokre få elevar tok utfordringa, pluss avdelingsleiar Åge Birger Hofseth, som imponerte med flott oppvisning på vannski.

Sjå fleire bilde frå Maritim dag i ALBUM.

Foto: Finn Erik Marstrander. Tekst: Ole Reinlund

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish