Skolen i Kaputei er opna
Utdanning er nøkkelen til framtida - også for borna i Kaputei.
Fleire hundre familiar har no flytta ut frå slummen i Nairobi og inn i den nye byen Kaputei. Skolen, som elevane ved Ålesund vgs i to år har samla inn pengar til, er no endeleg opna og tatt i bruk.
Enda manglar litt finish, men det hindrar ikkje lærarar og elevar i Kaputei å kome i gong med undervisninga. Ein god del elevar er på plass, og mange vil kome til etter kvart som stadig fleire av dei 2000 familiane flyttar inn i den nye byen.
Strømmestiftelsen og mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora, som står bak gigantprosjektet, takkar Ålesund vgs for handsrekninga til skolen, som gir håp til så mange.
Skoleuniforma er viktig i Kenya, som i mange andre land. Ikkje minst er uniforma viktig i land med store skilnader i inntekter og levestandard. Slik jamnar ein ut skilnader og styrkar elevane sin identitet til skolen, som dei er så stolte av og glade i.
Her ser vi inn i ulike klasserom med elevar i ulike fag og aldersgrupper.
Les HER ein interessant artikkel, inkludert link til YouTube om familiane som no flyttar inn i Kaputei .
Følg med på kva vi skriv om skolens prosjekt Operasjon Kaputei HER, og fleire bilde frå Kaputei vil du etter kvart finne under ALBUM i hovudmenyen.
Tekst: Ole Reinlund. Foto: Olaf Gundersen/Strømmestiftelsen