NYHETER

Salg og service på matfestival

Flinke og serviceinnstilte elevar sel LobNobs for Sibelia under matfestivalen i Ålesund.

Flinke og serviceinnstilte elevar sel LobNobs for Sibelia under matfestivalen i Ålesund.

I år igjen kunne publikum møte elevar frå Ålesund vgs på fleire stands under matfestivalen. - Veldig kjekt, travelt og lærerikt, var svaret som gjekk igjen hos elevane som fekk vere med.

Det har vore ei hektisk og utfordrande veke for elevar og lærarar frå Service og samferdsel på Volsdalsberga. Frå tidleg morgon til seine kveld har dei stått på stands for ulike produkt og på info-stand, pluss at dei har ordna til og rydda etterpå for ei rekke med arrangement.

- For ein skole som har entreprenørskap som kjenneteikn og satsingsområde, er det midt i blinken å starte skoleåret med å jobbe her på matfestivalen, seier ein svett men nøgd lærar i det han passerer oss på kaien trillande på nok ein stor og svart bosscontainer. Anders Bergslid er ein av fleire lærarar som kvart år tar elevane sine med på matfestival for å kaste dei rett ut i sal og service i praksis.

Her er nokre glimt frå arbeidet deira under festivalen.

Sjå fleire bilde av elevane under Matfestivalen i ALBUM.

Bilde: Anders Bergslid. Tekst: Ole Reinlund

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish