NYHETER

Russ, rus og riksveg 658

Denne veka var representantar frå alle russestyra i fylket samla til Trygg Trafikk-seminar på Parken Hotell i Ålesund. Det handla mykje om gode haldningar til rus.

To heile dagar var alle russepresidentane, pluss ein elevrepresentant til frå kvar vidaregåande skole i fylket samla til seminar om tryggleik i trafikken. Ivrige og ansvarsbevisste elevar jobba fram forslag til slagord, plakatar og opplegg for å spreie gode haldningar og redusere faren for trafikkulykker i russetida. Eit heilt knippe frå politiet deltok og på seminaret.

Ved Ålesund vgs kjem vår eigen russepresident Chris-Eirik Nikolaisen til å kalle inn til eit allmøte på kvar lokalitet med det første, for slik å starte arbeidet med å spreie gode haldningar til både rus og andre tryggleiksfaktorar i trafikken spesielt og i russetida generelt.

Riksveg 658? Jo, det er vegen mellom Ålesund og øyane i Giske kommune. Vi vil ikkje ha ulykker verken på denne eller andre vegstrekningar i området vårt.

Tekst: Ole Reinlund

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish