NYHETER

Mot, sjarm og kvalitet

Idrettsklassebandet

Gutta i bandet til 3. klasse idrettsfag hadde samla til langt hår og køyrt på med perma-nent og spenstige fargar.

Kulturdagen på Parken kulturhus fredag 2. april blei ein knallsuksess! -Tenk, alt dette går dei rundt i gangane her og berre kan, sa den tydeleg imponerte læraren Unni Breivik etterpå.

Elevane ved Latinskolen har tradisjon for å levere flotte, morosame og imponerande innslag under den årlege kulturdagen i Parken kulturhus. I år var nivået høgt, og publikum blei forført gong på gong av kvalitet, formidlingsevne og stor breidde.

Alle som stod på scena under årets kulturdag var vinnarar. I tillegg skulle juryen kåre vinnarar i fire kategoriar, og slik gjekk det: Sjarmørprisen: Westlife-kopien. Beste klasse: 1ID. Beste band: Koma (3AP1). Beste innslag: Martha og Bjørn.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emma frå 1ST med vakker og stemningsfull framføring av "Nothing compares to You", skrive av Prince tidleg på 80-talet og seinare svært kjent gjennom ein cover-versjon av Sinead O'Conner.

Og her var mykje å bli bergtatt av. Frå Gary Moores "Still got the blues", via dansande damer med ballongar i frampartiet, til bandet Koma med "Fuck the mainstream" og eigenkomponert Pink Floyd-inspirert rockeballade, til elevrådsleiar Martha Gausdals nydelige stemme som fyllte kulturhuset med "Say its possible" og kraup inn under huden på eit imponert og entusiastisk publikum, og så vidare og så vidare. Fantastisk flinke elevar, og veldig kjekt å sjå kvarandre i andre roller enn dei vi til vanleg har i klasseromma.

1. klasse Idrettsfag vann premien for beste klasse. Vakkert og energifyllt med flott koreografi, felespel og dans, frå tradisjonell halling til hip hop. Vi tar av oss hatten og er søkkimponerte. (Biletet nedafor)

Foto: Idar Solbak. Tekst: Ole Reinlund

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish