NYHETER

Mira vann 2. plass i NM

Jubel hos Mira då dei fekk beskjed om 2. plassen i den gjevaste kategorien som landets beste ungdomsbedrift.

Ungdomsbedrifta Mira Solutions frå Ålesund og Sykkulven vgs gjekk mest heilt til topps med den geniale kleshengaren sin under NM.

Konkurransen under NM for ungdomsbedrifter er knallhard, med fantastisk gode produkt, prosessar og presentasjonar. Dei konkurrerer i mange ulike kategoriar, og den som heng høgast er sjølvsagt Beste Ungdomsbedrift. Ei totalvurdering ligg til grunn når juryen skal kåre dei tre beste ungdoms-bedriftene.

Med ein delikat stand, flott prensentasjon og godt sal av den lekre kleshengaren sin sat gjengen i Mira Solutions spente i benke-radene under premie-utdelinga.

Var det mulig å nå opp i konkurranse med sterke ungdomsbedrifter frå heile landet? Samtidig opplever alle som deltar i ungdomsbedrift som metode at dei lærer utruleg mykje både om fag, samarbeid, entreprenørskap og næringsliv, uavhengig av eventuell premiering.

Bilde: Rigging av stand.

Beste Ungdomsbedrift

Berre kategorien Beste Ungdomsbedrift stod igjen, og jubelen stod i taket då Mira blei ropt opp til 2. plassen! Nokre tenkte nok at "så nært 1. plassen og representasjon i utlandet", men først og fremst var både elevar og lærarar svært nøgde med 2. plassen. "Det gjekk vegen", tikka det inn på mobilen til underteikna frå entreprenørskapslærar Anders Bergslid etterpå.

Johan H Andersen, eigar og konsernsjef i Ferd besøkjer standen til Mira, her representert ved adm.sjef Fride Alnes (t.v.) og dagleg leiar Charlotte Dyb-Sandnes.

Mira Solutions på scenen og mottar prisen.

(Tekst: Ole Reinlund. Bilde: Anders Bergslid)

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish