NYHETER

Prisdryss til Mira

Ein stolt gjeng i Mira Solution.

Ungdomsbedrifta Mira Solution frå Ålesund vgs og Sykkulven vgs gjorde omtrent reint bord under Fylkesmessa i Sunnmørshallen onsdag, og stakk av med heile 4 førsteprisar og 1 andrepris! Den geniale og lekre kleshengaren er på veg til NM.

Fylkesmessa for ungdomsbedrifter er ein stor årleg happening for alle som deltar. Elevar frå skolar i heile fylket kjem for å vise fram produkta sine og for å konkurrere.

Frå Ålesund vgs deltok fleire bedrifter, frå bilvaskefirmaet Bilsvampen via Seniordata med dataopplæring for eldre, til produkt som cd-stativ og kleshengar.

Omlag 65 ungdomsbedrifter var til stades i Sunnmørshallen, og mangfaldet var stort i kva dei kunne vise fram. Spjelkavik vgs hadde t.d. ei fin kokebok, ei leikebok og eigenprodusert drops. Som vanleg var også Ørskog vgs der med delikate og smakfulle rettar og smaksprøvar. Våre eigne bilvaskarar (på bildet til venstre) vekte oppsikt med innlånt BMW to-seter. Ålesund vgs stod som arrangør for ei godt gjennomført Fylkesmesse.

Seniordata frå Ålesund vgs vann prisen for beste brosjyre. Mira Solution, med elevar både frå Ålesund og Sykkulven vgs vann heile 4 førsteprisar: Beste innovative produkt, Meisterbrevprisen, HR-prisen, og den gjevaste prisen som Beste ungdomsbedrift i fylket! Dermed er det klart at Ålesund vgs også dette året blir representert i NM.

Dei som står bak kleshengaren til Mira Solution er frå venstre økonomisjef Nkurranziza Divin, adm.sjef Fride Alnes, markeds- og salsjef Krister Krogsæter, dagleg leiar Charlotte Dyb-Sandnes og produksjonssjef Fred Muldal pluss Marius Løset og Audun Henningsen i produksjon.

Tekst: Ole Reinlund. Bilde: Anders Bergslid.

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish