NYHETER

MK + Aafk = sant

Joachim Hauges musikkvideo blir vist under heimekampen til Aafk 3/5.

Medium og kommunikasjon har no starta eit samarbeid med Aafk. Elevar på 1. og 2. året har i oppdrag å produsere innslag til storskjerm og web-tv for Aafk.

Oppdraga varierer frå å lage musikkvideo med klipp frå sesongens kampar til intervju med spelarar, trenar og supporterar.

Siste nytt er ein konkurranse om beste musikkvideo. Her vann Joachim Hauge og Lena Kristin Barstad (begge 2. året MK). Filmane blir vist på storskjerm under heimekampane framover.

Her kan du også finne innslaga som er laga: http://webtv.tv2.no/webtv/main.do?treeId=2171&progId=420150

Målet med samarbeidet er for MK å ha betre tilpassa opplæring og praksisnære prosjekt for elevane.

- Det har vore kjekt å gjere jobbar for Aafk, slår Joachim Hauge fast. – Eg har fått eksperimentere og gjere mine eigne ting – og gjort ein viktig lærdom: For å komme nokon veg, så må ein jobbe for det!

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish