Inspirasjon til MK-elevar
Kube, kunskulen og frescoarbeid var nokre av attraksjonane då MK-elevar var på inspirasjonstur i sentrum.
På runden i Ålesund var 2.årselevar frå MK mellom anna innom stolutstillinga på Kube. Her fekk dei sjå nyare norsk, lokal møbeldesign. Fokuset på utstillinga var kvile, rørsle og leikande design - innanfor perioden frå 1980 til i dag.
I tillegg var elevane innom Jugendstilsenteret og opplevde tidsmaskinen der, og studerte på tekniske finesser innan bilete og lyd. På Ålesund Kunstskole såg elevane studentarbeid som oljemåleri og teikneseriar, før dei avslutta med å sjå frescoarbeid ved skulen. Kunstskulen satsar på frescomålng og har reist eit eige bygg for teknikken. Til slutt fekk gjengen ei flott omvisning på Ålesund Kunstforening av Anne Standal.
Så håper vi at dagen gir inspirasjon til utforming av spennande medieprodukt når elevane no er tilbake på skulen! (Alle foto: Frank Nordstrand)