Deltok på filmproduksjon
Eit titals MK-elevar har vore med som assistentar under Fuglefjellet sin produksjon av reklamefilmen ”The mystique of Norway” for bedrifta Hofseth International.
- Gøy og lærerikt, seier Asgeir Behrentz, elev i 2MK om dei tre dagane han deltok som produksjonsassistent. Ein stor del av jobben hans gjekk ut på pre-rigging av settet på Sunnmøre Museum. Han jobba tett med scenografi, kamera, lys og gripstaben på settet.
- Eg hadde ikkje tenkt på kor mykje arbeid det er å rigge til eit sett, seier han. – Vi bar utstyr, måka snø, laga til bål – ja, var med på å lage til alt du ser på filmen. Men det var veldig inspirerande, spesielt sidan eg er særs interessert i film generelt og spesielt reklamefilm.
I produksjonen får ein ei reise gjennom tid, ein følgjer ein laks frå dei tidlege busetnadene i Noreg fram til i dag. Her kan du lese meir om produksjonen til Fuglefjellet: http://www.fuglefjellet.no/#/the-mystique-of-norway