NYHETER

Då skolen kuppa Korsatunellen

Kristoffer Valkvæ

Kristoffer Valkvæ, elev på påbygging, med nydelig framført låt frå scena i Korsatunellen.

Med 20 stands, dansing og sceneinnslag, bacalao og basar og meire til inntok elevar og lærarar Korsatunellen i Ålesund sentrum laurdag 23. januar. Det var klart for finalen for "Gi meg ein B".

Det var bybrannmarkering i Ålesund denne helga, med bybrannvandring natt til laurdag og mykje anna aktivitet både fredag kveld og heile laurdag. I samarbeid med Ålesund Sentrumsforeining hadde Ålesund videregående skole tatt ansvar for å fylle Korsatunellen med aktivitet for både vaksne og barn laurdag frå klokka 11 til 16. Og for eit flott arrange-ment det blei! Sjå mange fine bilde frå dagen i Album HER.

"Gi meg ein B"

Det passa godt slik, då skolens fellesprosjekt "Gi meg ein B" trengte ein arena i sentrum der elevar og lærarar kunne presentere prosjektet for publikum. Det heile starta i haust då elevar og lærarar blei utfordra til å finne ulike B-ar som kunne gi læring både i ulike fag og om byen. Mange artige og spennande B-ar poppa opp. Her er nokre av dei:

Byen og båtane, Byen og barna, Byen og bacalaoen, Byen og bladbransjen, Byen og bruene, Byen og bekjennelsane, Byen og bakgårdane, Byen og bilda, Byen og bakarane, Byen og brannsprøyta, Byen og Berga, Byen og barane, Byen og breen og enda fleire. Mykje å lære - mykje å smake. Publikum kunne kjøpe både bacalao, brennsnut, brennheite fiskekaker, boller og brownies.

Basar og matsal gav 20 000 kroner til Haiti

Då jordskjelvet ramma Haiti så forferdeleg bestemte elevar og lærarar ved Service og samferdsel at inntektene av matsal og basar skulle gå til Haiti. Gåver til basaren frå butikkar og næringsliv strøymde inn i store mengder, og elevane ved Vg1 på SS pakka gevinstar i fleire dagar. Resultatet etter den flotte dagen i byen blei på rundt 20 000 kroner til Haiti! Stor takk til både elevar og pubikum for innsatsen!

Sjå fleire bilde frå dagen i Album. (Klikk på første bilde, så på neste. Ver obs på at bilda ligg over to sider.)

(Tekst og bilde: Ole Reinlund)

 

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish