137 000 kroner på ein dag
Ålesund vgs er med på å bygge skole i Kenya
Imponerande 137 000 kroner klarte elevane å få inn 30. oktober ved å "Gi ein arbeidsdag" til bygging av skole i den nye byen Kaputei utafor Nairobi i Kenya.
Dei to siste skoleåra har elevane ved Ålesund vgs samla inn pengar til å bygge skole i Kaputei. I desse dagar er dei første familiane frå slummen i Nairobi i ferd med å flytte ut frå elendige buforhold, og for første gong i deira liv inn i skikkelege murhus med tette tak i eit område med kloakkanlegg og reint vatn.
Kjøper hus for eigne pengar
Familiane har kjøpt husa sjølve for opptente pengar etter å ha fått lån av mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora til å starte eigne små verksemder. Dette er vegen ut av fattigdomen for mange, og i Kaputei står snart 2000 hus klare til å ta i mot like mange familiar og omlag 10 000 lukkelege menneske.
Mikrofinans blei vegen ut av fattigdom
Jamii Bora står også bak bygginga av den nye byen, som no ved hjelp m.a. frå Ålesund vgs får opp ein skole for dei mange barna som flyttar hit. Strømmestiftelsen er mellomleddet for Ålesund vgs. Dei jobbar primært med utdanning og mikrofinansprosjekt, og har støtta Jamii Bora i mange år.
Julehelsing på YouTube
Jamii Bora blei starta av den svenske dama Ingrid Munro, og her kan du sjå og høyre henne helse og takke alle støttespelarar i Noreg:
http://www.youtube.com/watch?v=LHcHPi7rzqU
Les meir om Kaputei i menyen INFORMASJON / Operasjon Kaputei.
Tekst Ole Reinlund, Foto Strømmestiftelsen