Skolen vår i 2020
Elevbordet jobba engasjert og produserte side opp og side ned med gode innspel til kva som skal kjennetegne Ålesund vgs i framtida.
Kva vil vi at Ålesund vgs skal vere i 2020? Dette var utgangspunktet for strategiseminaret på Color Line Stadion fredag 25. mars. Rektor Ingunn Aagård hadde invitert eit spennande knippe med innleiarar i tillegg til eit utval av tilsette og elevar ved skolen.
- Bli lærar og du er garantert jobb, sa Jørgen Amdam under innleiinga si om utviklingstrekk nasjonalt og regionalt.
Treng folk med høgare utdanning
Amdam, som er rektor og professor i regional utvilkling ved Høgskolen i Volda, sa vidare at det i tillegg til lærarar vil vere eit stort behov for folk med tekniske og naturvitskaplege utdanningar inkludert ingeniørarar, samt høgare utdanning innan økonomi og administrasjon. På sunnmøre kjem i tillegg behovet innan marine og maritime fag.
Det sivile samfunn viktig
Eit viktig poeng for professor Amdam, var at regional utvikling langt frå er styrt av det offentlege aleine. - Avgjerande for regional utvikling er korleis det sivile samfunn opptrer, utviklar seg og samhadlar med det offentlege, understreka Amdam.
Priviligerte Sunnmøre
Roar Tobro frå Møreforsking var neste innleiar. Han starta med å gjere oss merksame på kor priviligert Sunnmøre har vore og er, ved å tiltrekke seg global kompetanse og skape verdiar av dette. Og som Amdam undestreka Tobro at vi no for første gong opplever at også handverkardominerte verksemder etterspør akademikarar. - Dette er eit nytt trekk på Sunnmøre, at industrien treng og slit med å få tak folk med høgare relevent utdanning.
Auka regionale skilnader
- Utdanning gir mobilitet og sentralisering, både regionalt og nasjonalt, sa Tobro. Og slik aukar dei regionale skilnadene, også innan utdanning. Han la til at sjølv om kanskje 15-16 % av ungdomane kan tenkje seg å bli på heimstaden er det eit typisk trekk at dei fleste som reiser ut ikkje kjem tilbake.
Roar Tobro uttrykte likevel optimisme for regionen, og avslutta med å vise til nye produkt med store potensial, som t.d. sjøpølse og kamskjell. - At dei fleste ungdomane som vil på havet vel seg suply, samtidig som offiserkorpset i fiskeflåten er i ferd med å bli forgubba, er ei utfordring, utfordra Tobro.
Volsdalsneset på kartet
- Vi må sjå skole- og byutvikling i samanheng, var ein sentral bodskap i innleiinga til kommunearkitekt Ole Søvik frå planavdelinga ved Ålesund kommune. I utviklinga av Volsdalsneset er det viktig, i tillegg til skole og idrett, å utvikle rekreasjonsområde, meinte Søvik. Han la til at ein skole og ein bydel må vere attraktiv ikkje berre på dagtid, men og på ettermiddags- og kveldstid.
Ole Søvik la ikkje fram konkrete skisser for korleis kommunen pr i dag ser for seg at Volsdalsneset skal utvikle seg, men understreka at ja, det er lagt til rette for ei byutvikling austover, og at trafikale endringar blir viktige for utviklinga av området.
Pedagogisk plattform
Per Olaf Brækkan representerte, saman med Anita Steinbru, fylkeskommunen under strategiseminaret. Brækkan er leiar for ombyggingsprosjektet for sørfløya ved Ålesund vgs, som er den utløysande årsaken til at denne strategisamlinga blir gjennomført akkurat no.
- Å finne ut kva pedagogisk plattform skolen skal ha framover, gir viktige føringar for utviklingsarbeidet, sa Brækkan. Han brukte Borgund vgs som døme, der stoltheit var lyfta fram som ein suksessfaktor. - Dette resulterte i at vi vrengte alle klasserom og verkstader inn ut med glassvegger over det heile. Vi var stolte over produksjonen og ville la aktiviteten bli synleg, fortalde Brækkan.
Suksessen til Aafk
Jarle Aambakk, tidlegare styreleiar i Aafk og no medlem av skoleutvalet til Ålesund vgs, fortalde suksesshistorien til Aafk. I løpet av 10 år klarte klubben gjennom målretta arbeid å etablere seg i eliteserien. Aambakk viste også korleis han i dag som leiar i Herd jobbar systematisk med visjonar og målsetjingar. Overfløringsverdien til arbeidet i skolen skulle vere tydeleg.
Dialogkafe for Ålesund vgs i 2020
Etter innleiingar og lunsj låg det fem ulike problemstillingar på fem bord klare. Seminardeltakarane vandra så rundt, brukte ti minutt på kvart bord, og alltid i nye konstellasjonar av samtalepartnarar. Stikkord frå dialogane blei notert på store flipoverark, med ei oppsummeringsøkt der hovudtankar frå dei ulike borda blei presentert. Innspela blir sentrale i strategi-, mål- og tiltaksarbeidet for skolen framover.
Her er "teiknebordet", der deltakarane er utfordra til å teikne den nye Ålesund vgs på Volsdalsberga.
Korleis skape ein attraktiv skole?
Tekst og bilde: Ole Reinlund