NYHETER

Prisdryss til ungdomsbedrifter

Circum UB blei beste ungdomsbedrift! Dermed skal (f.v.) Stian Rønningen Våtmyr, Mariell Gausnes Aasen, Anna Kristine Sæther Fagerslett og dagleg leiar Jonas Pedersen Walderhaug til NM.

Ungdomsbedriftene Circum UB og Reborn UB frå Ålesund vgs blei kåra til beste og nestbeste ungdomsbedrift under fylkesmessa 24. mars. 

Circum UB, som har produsert eit genialt bålfat, gjekk vidare til NM etter at dei vann prisen for beste ungdomsbedrift. Reborn, med sine nyskapande ved- og magasinhaldarar fekk andreplassen.

I tillegg fekk Reborn førsteprisen for beste forretningsplan, og Circum førsteprisen for beste utstilling, samt eit knippe med andre- og tredjepremiar.

- Dette var langt over alle forventningar, fortel ein begeistra og imponert avdelingsleiar Artur Godø på telefon rett etter prisutdelinga.

For interjvu om meir omtale av fylkesmessa sjå fyldig reportasje i Sunnmørsposten.

Les meir om Reborn HER.

Circum UB, årets beste ungdomsbedrift i Møre og Romsdal!

Reborn UB, årets nest beste ungdomsbedrift i Møre og Romsdal!

Tekst: Ole Reinlund. Bilde: Anders Bergslid.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.