Kjemiprosess - den nye industrien
Ved Ålesund vgs startar vi opp utdanning innan kjemiprosess, eit nytt og spennande tilbod på Sunnmøre. Mulegheitene etterpå er mange, og kompetanse innan kjemiprosess er etterspurt både på land og offshore. For å kome inn på Vg2-tilbodet Kjemiprosess må ein ha Teknikk og Industriell produksjon frå Vg1.
Ein fagoperatør i kjemiprosessfaget har som hovudoppgåve å overvåke, styre og regulere kjemiske prosessar.
Visste du at:
♦ kjemiprosess er viktig i produksjon av alt frå bilar til brus?
♦ regionen vår produserer ca. 40 % av all helsebringande omega-3-olje i verda?
♦ for å lage ein god sofa må ein blande stoffer etter ein nøyaktig resept?
♦ verdens største lakseslakteri krev emballasje av ypperste kvalitet?
♦ prosessindustrien står for ein stor del av verdiskapinga i Noreg, og omfattar installasjonar for utvinning av olje og gass, petrokjemisk, matallurgisk, kjemisk, farmasøytisk industri og treforedlingsindustri?
Alt dette hadde ikkje vore muleg om ein ikkje hadde inngåande kjennskap til kjemi og prosessane som skaper desse produkta. Derfor startar vi no opp tilbodet Kjemiprosess ved Ålesund vgs.
Sentralt i opplæringa er samarbeid med lokale produsentar som Ekornes, Sunde, Tine Meierier, Vedde, Epax, Napro Pharma, Denomega, Sylte brus og Vartdal plast.
Les meir om kjemiprosessfaget HER, samt læreplanen.
For spørsmål om Kjemiprosess ved Ålesund vgs kontakt avdelingsleiar Åge Birger Hofseth, tlf 70107822.