Gründercamp om "Drømmeskolen"
Verdiskaperne blei kåra til Beste gruppe. Visjon: "Åpent, verdiskapende samspill"
Korleis er Drømmeskolen 2020? Dette var problemstillinga som dei omlag 40 elevane ved gründercampen denne veka fekk i oppdrag å jobbe med.
Gründercampen starta måndag med innleiingar og paneldabatt med ungdomspolitikarar og andre premiss-leverandørar. Deretter starta gruppearbeidet.
Tre dagar annleis skole
Onsdag var dei åtte gruppene med engasjerte og spente elevar klare for å presentere framtidsvisjonane sine, ein annleis skole, etter sjølv å ha opplevd nettopp ein annleis skolekvardag ved å delta i gründercampen.
Elevstyrt gründercamp
Dei tre elevane Anita Urkedal, Stine Hagen (på bildet t.v.) og Lise Iversen stod bak både planlegging og gjennomføring av gründercampen.
- Eg er utruleg imponert over elevane, både korleis dei gjennomførte gründercampen, kva gruppene kom fram til og korleis dei presenterte prosjekta sine, sa lærar Jan Helge Torp etter presentasjonane.
Lærar Anders Bergslid, som saman med Torp og elevkomiteen arrangerte gründercampen, var like begeistra og nærmast mållaus over kva han hadde sett og høyrt. - For nokre fantastisk flinke elevar vi har!
Glassfasader
Tankar om arkitektur, fasader, lys og fellesareal var eit viktig tema for gruppene. Dei klarte på ulike måtar å vise korleis læring, metodikk og trivsel på skolen blir påvirka av skolens ytre og indre arkitektur. Visualiseringar av glassfasader og store opne rom gjekk igjen som eit kjennetegn på skolen i 2020.
Digital framtid
Fleire av gruppene skildra ein framtidsskole som i enda sterkare grad utnyttar den teknologien som allereie finnast. Gruppa iSchool utmerka seg med eit særleg fokus, som namnet signaliserer, på korleis det nye digitale bordet iTable kan endre og utvikle aktiviteten i klasserommet.
Den gode læraren
Kva kjennetegnar den gode læraren i 2020? Alle dei åtte elevgruppene hadde tankar om den gode læraren, ei forståing av at læraren er den fremste suksessfaktoren, og klare meiningar om kompetanse, haldningar og ferdigheiter.
Profesjonalitet, humor og realistiske draumar
Juryen var mektig imponert over den gjennomførte profesjonaliteten i framføringane hos alle gruppene. Fem minutt hadde kvar gruppe fått, og alle kommuniserte scenevant, trygt og tydeleg kva dei hadde kome fram til innafor dei strengt tilmålte minuttane.
Balansen mellom det visjonære og dristige på den eine sida, og det gjennomførbare på den andre sida varierte. Juryen vurderte likevel realismen i draumane til gruppene som eit fellestrekk.
Vi fekk oppleve eit flott repertoar av ulike verkemiddel under framføringane. I tillegg til sterke verbale prestasjonar var her mange gode visualiseringar, lun humor, artig film, og ikkje minst ei fantastisk dramatisering av ein undervisningssituasjon der det skjer ei forvandling både av ein uengasjert lærar og ein slapp klasse. ("Læraren" på bildet under)
Tre grupper som utmerka seg
Mange av gruppene utmerka seg positivt med kreativitet og ulike verkemiddel, men til slutt satt juryen igjen med tre grupper som hadde scora høgt på dei fleste av vurderingskriteria, samt med fin samanheng mellom namn, visjon og innhald, i tillegg til poeng for sjølve presentasjonen. Dei tre var:
Augmentum (lat. å auke), med eit sterkt fokus på mennesket, at vi alle er unike, og at skolebygg, metodikk i klasserommet, dialogen mellom elev og lærar og læraren sin kompetanse må ha ulike elevars læring og trivsel som mål.
iSchool, hadde i tillegg til sine digitale framtidsvisjonar gode tankar og profesjonelle presentasjonar både verbalt og visuelt av gode skolebygg, fokus på elevtenester og tilpassa opplæring m.m.
Verdiskaperne vann
Den siste gruppa som presenterte prosjektet sitt blei kåra til den beste. Her fann juryen ein tydeleg og gjennomtenkt samanheng mellom namn, logo, visjon og forslag til korleis drømmeskolen kan vere.
Med ei pil som logo, og med den beste visjonen "Åpent, verdiskapende samspill" la dei grunnlaget for retning og tiltak. Dei definerte "Åpent", korleis skolen på ulike måtar skal vere open, m.a. ved å skildre "storhetsfølelsen" som skal møte oss når vi kjem inn i det opne arkitektoniske landskapet. Den opne skolen er og open på kveldstid, med aktivitetar i den nye idrettshallen.
Vidare definerte dei "Samspill", ein skole der ein skaper noko i lag, og som einaste gruppe trakk Verdiskaperne fram rektor som ein viktig faktor i dette samspelet og i omdømmebygginga av skolen.
Til sist konkluderte Verdiskaperne med at Drømmeskolen er ein nyskapande skole der draumar blir verkelege.
Gründercampen blei avslutta på Parken kulturhus med Kråkesølv-konsert. Før konserten blei vinnargruppa Verdiskaperne ropt opp til scena der dei mottok premien på kr. 500,- pr deltakar.
Tekst: Ole Reinlund. Bilde: Kai Åge Jansson