NYHETER

Flott kafèopning og forfattarbesøk

Forfattaren Harald Rosenløw Eeg leste frå si eiga bok "Svidd" under opninga av kafèen.

Den nye kafeen på Volsdalsbegra blei opna 13/12 med besøk av forfattaren Harald Rosenløw Eeg, snorklipping av rektor, mandarinskrelling og bagettsal.

Etter at nordfløya på Volsdalsberga blei pussa opp fekk skolen eit stort og fint vrimleareal i 1. etasje. Her har mangla noko, nemleg ein kafè. Endeleg er denne på plass, og dette blei markert måndag 13/12.

Forfattaren Harald Rosenløw Eeg var invitert denne dagen både for å vere med under opninga med opplesing, og for å besøke klassar etterpå. Rosenløw Eeg fekk først mikrofonen og las eit underhaldande utdrag om far og son på juletre-hogst, henta frå romanen "Svidd". (Les meir om forfattaren her.)

Rektor Ingunn Aagård, som har vore initiativtagar og pådrivar for denne kafèen, var den som klippa snora før kafèsalet kunne starte.

Kafèen er ein filial av kantina i sørfløya og vil ha tilby eit sentralt utval av varer frå kantina. Elevar frå Service og samferdsel står salet i kafèen, som vil vere open i første friminutt og i langfriminutt.

Vrimlearealet er utstyrt med barkrakkar og runde bord, pluss to stasjonære datamaskinar. At kafèen ligg så nært biblioteket er og eit poeng for å gjere dette meir synleg og attraktivt.

Seks klassar delt i to puljer fekk vere med på forfattarmøte med Harald Rosenløw Eeg etter kafèopninga. Han fortalte engasjert om korleis han brukar erfaringane sine i bøkene, om alle ideane, der berre nokre få er gode, om korleis han jobbar med å skrive både bøker og filmmanus.

Elavane hadde ikkje mange spørsmål, men nokre blei det, som t.d. det klassiske "Kor mykje tenar du på ei bok?" 

Harald Rosenløw Eeg, her på auditoriet på Latinskolen saman med to klassar idrett og to klassar studiespesialisering, avslutta dagen med ei økt saman med norsklærarane. Dei treng litt påfyll dei og.

Tekst og foto: Ole Reinlund

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.