NYHETER

Advokatbesøk

Elise Frostad (t.h.) er elev i programfaget Rettslære 2, og deltok aktivt i diskusjonane saman med advokat Olav Aarø (t.v.).

Fredag 25. mars var gruppa Rettslære 2 på advokatbesøk. Kommuneadvokat Olav Aarø tok imot elevane i 7. etasje i Ålesund rådhus.

- Dette var lærerikt og midt i blinken for kompetansemåla i Forvaltningsrett, som vi held på med akkurat no, seier den engasjerte læraren Gunvor Aannø.

Advokat Olav Aarø gjekk sjølv på Latinskolen midt på 80-talet og fekk ein smakebit på jus då. Han har ikkje angra på at han valde jus-studiet.

Ved Ålesund vgs har ein ei målsetjing om å bruke læringsarenaer også utafor skolen. Rådhuset, som ligg berre eit godt steinkast unna Latinskolen, blei denne dagen ein spennande og levande arena for høgst relevant læring.

Foto: Gunvor Aannø. Tekst: Ole Reinlund/Gunvor Aannø.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.