TIP lagar kunst
Spennande kunst-oppdrag for elevar frå TIP ved Ålesund vgs.
TIP-elevar fekk ei uvanleg utfordring før skuleslutt i år. Då produserte dei ein installasjon som i juni har vore utstilt ved Kunstmuseet Kube i Ålesund.
- Artig og utfordrande, oppsummerer dei fire elevare, Kent Arne Stranden, Knut Remøy, Kjell Tore Vadseth og Kjetil Andre Holen. Dei fire har stått på seint og tidleg for å få det uvanlege oppdraget ferdig til tidsfristen. Ifølgje faglærar Åge Olsen har dei både skippa matpausar og jobba ut over skuletida med hengekøya. - VI har nok brukt ein del tid på prosjektet, seier dei. - Det har vore utfordrande og annleis.
Oppdraget fekk dei av Karen Naalsund, elev ved Ålesund Kunstskole. Installasjonen er ei hengekøye med tak og svingbare bord. Naalsund leverte skisser og ide til Olsen og dei fire TIP-elevane, som har konstruert køya.