NYHETER

Foto hos Kristiansen

Det var mykje å lære om foto og det å vere lærling i fotograffaget då 2. års MK-elevar besøkte fotograf Kristiansen.

Det er kjekt å få sjå korleis ein jobbar med foto i praksis. Det fekk elevar frå 2. året på MK lære meir om då dei var på bedriftsbesøk hos fotograf Kristiansen på Blindheim. Fotografen viste her arbeid han har jobba med, både innan video og foto.

- Spennande, seier elevar som var med på besøket.

På bedrifta fekk dei også møte tidlegare MK-elev Miriam Hatlenes, som no er lærling i fotograffaget hos Kristiansen. Miriam viste arbeid ho har jobba med hos fotografen, forklare korleis det fungerer å vere lærling og snakka om utfordringar ho møter i yrket.

(Foto: Frode Helland)

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.