- Eg er så utruleg glad!
F.v.: Amanda Støbak, Martine Pedersen, Elisa Valderhaug (dagleg leiar), Marlene Dyb og Charlotte Hauge i ungdomsbedrifta Dorme, som gjorde det sterkt i NM.
- Eg er så utruleg glad for å ha fått denne mulegheiten, seier Amanda Støbak etter at ungdomsbedrifta Dorme kom heim med både 1. premie og 3 premie frå NM i Ungdomsbedrifter.
Begge ungdomsbedriftene frå Ålesund vgs gjorde det veldig bra under NM. Først blei Remodo UB ropt opp på scena for å motta sjølvaste Mesterbrevprisen for den utsøkte og velproduserte pc-veska. Remodo er ei samarbeidsbedrift mellom Sykkylven og Ålesund vgs. Under fylkesmesterskapet fekk Remodo heile fem førsteprisar.
Så var det Dorme sin tur. Først gjekk dei heilt til topps og fekk den høgthengjande Ferdprisen, før dei i tillegg fekk 3. prisen fra Manpower for beste Human Resource-bedrift.
- Alle her er vinnarar
Konfransieren under premieutdelinga var krystallklar og truverdig då han opna festen md å proklamere at alle dei 80 bedriftene og alle dei meir enn 400 ungdomane, som hadde kvalifisert seg for NM, var vinnarar. Å gå frå stand til stand og møte desse strålande ungdomane frå heile landet var ei stor oppleving.
Remodo UB utmerka seg i tillegg med ein knalltøff og gjennomført stand, produsert i tverrfagleg samarbeid mellom Service og samferdsel og Tip.
Juryane sine grunngjevingar
Mesterbrevprisen, 1. plass til Remodo UB:
"Bedriften har en god forretningside innenfor et tidsriktig marked. Miljø- og ressursaspektet er en fremtredende faktor i produktkonseptet. Gjenbruk, ungdommelig design og brukervennlighet særpreger produktet. Bedriftskonseptet virker spesielt godt gjennomtenkt og velorganisert."
Ferdprisen for størst verdiskapingspotensial, 1. plass til Dorme UB:
"Vinneren scorer høyt på alle kriterier for Ferdprisen gjennom et godt forretningskonsept, godt utført produktutvikling og et langvarig verdiskapingspotensiale. De utmerker seg med å ha etablert et godt eksternt nettverk."
Her har Dorme storfint besøk på standen av Johan H. Andresen "him self", eigar og konsernsjef i Ferd.
Manpowerprisen for beste HR-bedrift, 3.plass til Dorme UB:
"Bedriften hadde en profesjonell og strukturert utvelgelse i forbindelse med ansettelsene. Etter en konfliktfylt start fikk de gjennom IA-kurs fokus på godt arbeidsmiljø."
- Det er no jobben startar
Dei to lærarane og rettleiarane Anders Bergslid og Vidar Grønmyr sit i klasserommet saman med elevane etter NM og feirar med pizza og bildekavalkade. Det er heilt tydeleg at det har oppstått eit nært og godt forhold mellom elevar og lærarar i denne prosessen. Og for Dorme sin del er det ikkje over. - Det er no jobben startar, seier Bergslid. Det geniale eingongsputetrekket skal ut på marknaden, og ein storkunde er allereie i god dialog med ungdomsbedrifta.
Dette seier Dorme-jentene om UB og NM:
"Eg har lært å samarbeide, og om korleis næringslivet faktisk fungerer." (Martine Pedersen)
"Å vere i ungdomsbedrift har ført oss som personar nærare kvarandre. Eg trur det er fordi vi har vore gjennom set same - saman." (Marlene Fjelltun Dyp)
"Eg har lært ein heil del, blant anna om IA-sertifisering." (Charlotte Hauge)
"Skulle gjerne gjort det om igjen. Dette er det som kallast LÆRING GJENNOM GODE OPPLEVINGAR på høgste nivå." (Amanda Støbak)
"Som dagleg leiar har eg lært kor nødvendig det er å ta avgjersler, sjølv om dei ikkje alltid er like populære. I hovudsak har eg innsett kor viktig det er at alle ledd fungerer. Dette er noko eg tar med meg når eg skal inn i arbeidslivet sjølv. Og NM var sinnsykt gøy! Drevne folk frå næringslivet vurderte VÅR forretningside til den med størst verdiskapingspotensiale i heile Noreg, framfor heile 2090 andre ungdomsbedrifter! Dette set ting i perspektiv." (Elisa Valderhaug, til høgre i bildet ovafor frå festen under NM.)
Tekst: Ole Reinlund. Foto: Anders Bergslid