Diego Silva klar for Korsatunellen laurdag
Diego Silva er ein av fleire Aafk-spelarar som blir med i Korsatunellen laurdag.
"Byen og ballkustnerane" er eitt av ca 20 prosjekt under paraplyen "Gi meg ein B" som blir vist fram i Korsatunellen laurdag 23/1. Har du lyst til å drible Diego? Eller kva med brennsnut eller basar?
Frå klokka 11 til 16 laurdag 23/1 har Ålesund VGS kuppa Korsatunellen med stands, basar, kafe og sceneinnslag. Det heile er ein del av bybrannmarkeringa i Ålesund sentrum denne helga.
"Gi meg ein B"
I haust fekk alle elevar og lærarar utfordringa med å finne ulike "B"-prosjekt knytta til byen, t.d. Byen og Butikkane, Byen og Barna eller Byen og Banken etc. Prosjekta er ein annleis måte å lære om både byen og ulike fag på. Finalen for fellesprosjektet er ei bymesse i Korsatunellen no laurdag.
Bacalao og brennsnut
Det blir noko for ein kvar smak, og for både barn og vaksne. Her er meir enn 20 stands der elevar presenterer prosjekta sine, elevar som opptrer på scena midt i tunellen, danseinnslag og ikkje minst sal både av bacalao, brennsnut og boller med meire.
"Gi meg ein B" rommar mange ulike prosjekt, som t.d. Byen og Båtane, Byen og Bylivet, Byen og Bakgårdane, Byen og Breen, Byen og Båtane, Byen og Brannsprøyta, Byen og Bell (om den første telefonen), Byen og Busselskapa, Byen og Bakarane, Byen og Brusfabrikkane, Byen og Bilda, Byen og Bladbransjen, Byen og Bekjennelsane, Byen og Barane, Byen og Bilda m.fl.
Basar til inntekt for Haiti
Service og samferdsel har initiert Basar til inntekt for Haiti, og responsen frå butikkar og næringsliv har vore enorm. Vi har mottatt kollossalt med gåver, som elevane har pakka inn som premiar. Basaren vil pågå kontinuerleg frå klokka 11-16, og foregår etter "Katta i sekken"-metoden med rullelodd. Her skal garantert vere kjekke ting å vinne både for store og små, og veldig mykje for barna.
Byen og ballkunstnarane
Ålesund vgs tilbyr seks utdaningsprogram, med Idrettsfag som eitt av desse. Elevar herifrå vil bidra både med dans, bacalao og tricksing med fotball. Og her har vi toppa laget med fire ballkunstnarar frå Aafk: Diego Silva, Khari Stephenson, Demar Phillips og Sten Grytebust. Publikum som møter frå klokka 13 vil kanskje få høve til å drible Diego?
Ole Reinlund