NYHETER

Takk for hjelpa Ålesund vgs

Barn og unge frå slummen i Nairobi har fått nytt liv og ny skole i den nye byen Kaputei.

Skoleåra 07-08 og 08-09 gav elevane ved Ålesund vgs over 200 000 kroner til å bygge skole i den nye byen Kaputei i Kenya. I dag er skolen godt etablert og ein stor suksess med over 200 elevar. I løpet av eit par år ligg det an til ei dobling av elevtalet.

Hjelp til sjølvhjelp

- Det er framleis mange utfordringar i Kaputei, men skolen går så det griner, fortel Olaf Gundersen i Strømmestiftelsen. Han er akkurat komen tilbake etter eit besøk i Kenya.

Over nyttår tar den kenyanske staten over drifta av skolen, som i dag rommar både grunnskole og vidaregåande skole, og då er målet nådd. Utfrå mottoet "Hjelp til sjølvhjelp" ser vi at elevane ved Ålesund videregående skole har bidratt til nettopp dette. Det nyttar å hjelpe!

2000 familiar ut av slummen

Kaputei er ein ny by bygd opp utafor Nairobi. Familiar frå slummen, som gjennom mikrofinansorganisasjonen Jamii Bora har kome seg ut av fattigdom får her kjøpe hus og etablere seg på nytt utafor slummen. 10 000 menneske eller 2000 familiar i like mange hus skal denne byen romme etter kvart.

Byggearbeid og innflytting av nye familiar til Kaputei bremsa opp etter uroen i landet då presidenten blei mistenkt for valfusk for to år sidan. Kanskje så mange som 50 000 medlemmer av Jamii Bora minsta det nylig etablerte levebrødet sitt i løpet av desse kritiske månadane i landet. Eit krisefond har vore til stor hjelp for å få verksemder og medlemmer på føtene igjen, men ting tar tid.

Straum og meir folk

Kaputei har i dag to store utfordringar som må løysast. Straumtilgongen i byen er for dårleg, og utan straum får ein ikkje opp produksjon og sal for dei mange ulike små verksemdene og butikkane i Kaputei. Det blir jobba knallhardt for å ordne dette. Agder Energi sender no eit agregat som skal avhjelpe situasjonen som backup til det statlege straumnettet som byen no blir kopla opp i mot.

Den andre utfordringa er at Kaputei treng eit større befolkningsgrunnlag for å få lønsam drift hos dei nevnte småbedriftene. Stadig nye bydelar blir no klargjort, og stadig fleire familiar ventar på å flytte inn i dette veldig spennande utviklingsprosjektet.

Strømmesriftelsen takkar igjen Ålesund vgs for eit viktig bidrag til å få på plass sjølve hjartet i ein kvar by, nemleg skole med barn som startar på ei utdanning.

Les også "137 000 kroner på ein dag" og "Skolen i Kaputei er opna"

Tekst: Ole Reinlund. Bilde: Strømmetsiftelsen

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.