Frå MK til journalist

Prisvinnar i VG

Marianne Vikås bestemte seg for å bli journalist då ho jobba i lokalavisa heime som 15-åring. Og slik vart det. I dag er ho fast tilsett i nyheitsredaksjonen i VG Nett.

- For meg var det eit enkelt val då eg kom inn på Medium og kommunikasjon, seier Marianne. – Det som var bra med å spesialisere seg allereie som 16-åring, er at når ein verkeleg brenn for faget, så trur eg ein blir både ein flinkare elev og flinkare og meir reflektert journalist.

Etter MK tok Marianne en bachelorgrad i journalistikk ved University of Queensland i Australia. Etter vikariat og sommarjobb i ulike aviser starta ho som journalist i VG Nett.

Og avisa set tydelegvis pris på jobben Marianne gjer. For berre i 2009 har Marianne fått tre VG-prisar. - Den første fekk eg for ”Beste sak på VG Nett” i samband med dekning av drapet på Martine Vik Magnussen. Denne saka følgde eg frå dag ein i 2008. I desember 2009 var det ny utdeling, og då fekk Marianne igjen prisen for ”Beste sak på VG Nett” i samband med ein artikkelserie om alternativ behandling av kreftsjuke.

– Den siste saka vann eg prisen ”Beste dekning på VG Nett” for, saman med fire andre kollegaer i samband med avisa si dekning av Kongodommen. Vi satsa stort og sendte direkte både frå rettslokalet i Kisangani, frå studio i Akersgata, svarte lesarane live og skreiv ei rekke saker denne dagen.

Marianne er i alle fall sikker på at ho har vald rett yrke. – Jobben tar mykje tid og det er mykje reising, men når ein interesserer seg for det ein gjer kvar dag på jobb, så er ikkje det noko stort offer. - Eg trur det er ein stor fordel at elevane som vel MK på vidaregåande har tenkt over dette før dei startar. Har du eit brennande engasjement, så kjem du langt! Her finn du meir informasjon om journalistutdanninga: http://hivolda.studiehandbok.no/hivolda2/categorysearch/search/14081?KategoriID_1=5&KategoriID_2=0&KategoriID_3=0&KategoriID_4=0&SearchButton=

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.