Frå MK til grafisk design

Mari Oshaug har starta eiga bedrift og satsar på grafisk design og web.

Etter 3 år på MK har Mari gått 2 år på Norges Kreative Fagskole i Oslo. – Eg satsar på grafisk design og web-design, seier ho.

- Eg treivst veldig godt på MK. Der var godt miljø, gode lærarar og ein kan bli veldig dyktig – viss ein vil. Men hugs at det er veldig opp til deg sjølv og kva du gjer det til!

- Eg like spesielt godt mangfaldet på MK. Eg fekk ein smakebit på eit breidt spekter av yrke innan mediebransjen, og synest det var nyttig. Etter kvart peila eg meg inn på det eg like best og fekk reindyrke det. Eg fekk også godt rettleiing med tanke på vidare studium, noko som også var positivt.

- Mange kan ha nytte av å gå MK, trur Mari. - Om du ikkje endar opp med å studere mediefag vidare, så er det eit studium som er relevant i dei fleste jobbsamanhengar i samfunnet i dag. MK er noko meir enn reine allmennfag, det er hardt, men mykje meir lønsamt og interessant. Kan absolutt anbefalast!

Her kan du sjå nokre av oppdraga Mari har hatt:

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.