PC-reglement

PC-reglement ved Ålesund videregående skole

Ålesund videregående skole brukar PC som eit verkty i undervisninga. Derfor må alle elevar disponere PC.

 

Eleven har ansvaret for PC-en, og må sørgje for følgjande:

1. PC-en skal vere tilgjengeleg på skulen.

2. Nødvendig programvare til undervisninga skal vere installert.

3. PC-en skal fungere på det trådlause nettet.

4. Det må takast sikkerheitskopi av skolearbeidet (td på H:\).

5. PC-en må vernast mot tjuveri, innbrot og misbruk.

Reglar for bruk av PC i undervisninga:

6. PC-en skal berre vere på når den skal brukast i undervisninga.

7. Eleven skal slå saman og legge vekk PC-en når læreren ber om det.

8. Det skal ikkje nyttast andre program i undervisningstida enn dei som vert brukt i opplæringa.

9. Ved bruk av Internett må eleven følge nettvettregler (www.dubestemmer.no, www.nettvett.no).

10. Eleven skal ikkje nytta anna elektronisk utstyr (som td mobiltelefon og mp3-spelar) i undervisningstimane utan avtale med lærar.

Brot på skolens PC-reglement gir merknad. Vi viser elles til skolereglementet.

Ålesund, 15.august 2008
Ole Reinlund
Kst. Rektor

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish