Praksis i bedrift (MK)

Lyst på praksis i bedrift?

Interesserte elevar kan få praksis i bedrift, som Miriam. Ho har praksis ein dag for veka på Salt studio hos Svein-Are Tollås.

Her er Miriam med på alt frå planlegging til fotografering og bildebehandling i Photoshop. Ikkje nok med det. Når ho er ferdig med MK VG2 til sommaren, skal ho ut som lærling i fotograffaget på Salt studio i Ålesund. - Eg gler meg! seier Miriam og er glad for at ho på førehand får ha praksis ein dag for veka, for å bli betre kjent med bedrifta og faget ho skal gå vidare i. Det er også faglærar Gunnar Pettersen ved Ålesund vgs einig i. - Dette er positivt for oss også, seier dagleg leiar Svein-Are Tollås på Salt studio (t.v. på bildet). - Det er bra for bedrifta å få inn dyktige elevar med talent og arbeidslyst!

Publiseringsløsning fra Netmaking Powered by eZ Publish