Å gå på Medium og kommunikasjon gir deg mange alternative vegar ut i jobb. Marius Tvinnereim valde fotojournalistikk.
Journalist med kamera
Marius Tvinnereim er snart fotojournalist. Han går no 3. året på Høgskulen i Oslo på det 3-årige studiet fotojournalistikk.
- Eg fekk sansen for dokumentarfotoet under eit prosjekt eg hadde om foto då eg gjekk på MK, fortel Marius. – Eg fann ut at å vere journalist med kamera er ein fin måte å fortelje ei historie på. - Det er ein stor fordel for meg å ha Medium og kommunikasjon i botn, slår han fast.
– Eg har hatt mykje igjen for medieteorien innan m.a. journalistikk og etikk. – Dessutan var forståinga eg fekk for Indesign og Photoshop også bra. For meg passa det fint at MK er retta mot det praktiske, at vi jobbar sjølvstendig med eigne prosjekt. Marius valde å gå tre år på Medium og kommunikasjon, og fekk generell studiekompetanse. Han meiner at elevane sjølve kan styre kva dei tre åra på MK skal føre til.
- Ein kan sikkert sjå på MK som eit avbrekk – eller det kan vere eit springbrett til noko meir – alt etter kva ein vil oppnå sjølv. Akkurat no skal Marius til med avsluttande bachelor-oppgåve, men har ikkje bestemt seg for kva han skal satse på enno. – Er usikker på kva eg skal gjere, men kanskje reise rundt i USA og lage noko på den nye helsereforma?
Her ser du kva Marius har jobba med som praktikant i Adresseavisa: http://praktikantmarius.blogspot.com/ Her finn du meir informasjon om studiet fotojournalistikk: http://www.hio.no/Studietilbud/Bachelorstudier/Bachelorstudium-i-fotojournalistikk