Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kjerneverdier

Visjon, kultur og målsetjingar ved Ålesund vgs skal byggje på desse kjerneverdiane: 

Likeverd

Alle elevar og tilsette ved Ålesund vgs er like mykje verd, uavhengig av karakterar, personlegdom, legning, interesser, språk, hudfarge og andre skilnader oss imellom. 

Verdier_side_full

Gjensidig respekt

Ved Ålesund vgs skal alle respektere kvarandre som likeverdige medmenneske. Vi har derfor nulltoleranse for mobbing. Å respektere kan bety "å sjå på ny".

Tillit

Gjensidig respekt bygger tillit mellom menneske. Ved Ålesund vgs skal vi alltid kunne stole på kvarandre.

Mot

Det skal mot til for å stole på folk. Vi treng mot for å delta, bli synleg, meine noko sjølve, seie frå, ta feil, vere ærleg og annleis. Ved Ålesund vgs skal vi våge å vere oss sjølve. 

Rettferd

Vi trur at likeverd, respekt, tillit og mot kan skape rettferd. Ved Ålesund vgs vil vi vere verdsborgarar som tar ansvar for kvarandre både i og langt utafor klasserommet.