Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Velkommen til foreldremøte for Vg2 - onsdag 4.september

Velkommen til foreldremøte for Vg2 - onsdag 4.september

Vi kallar med dette inn til orienteringsmøte for føresette til elevar på Vg2. Nokre av dykk kjenner skolen godt, mens andre ikkje har hatt elevar hos oss tidlegare. Begge kategoriar føresette er velkomne, og det er fint for oss å møte dykk alle. Elevane er også velkomne, aleine eller saman med føresette.

På orienteringsmøtet vil vi gi generell informasjon om skolen, korleis vi jobbar og om forventningar til eleven, presentere det som er nytt i fråværsreglementet, og vise veg til foreldrepålogging i Skolearena.

Vi legg også inn nokre tankar om elevane sine vidare karriereremoglegheiter. For føresette til elevar på MK, ID, ST og STE vil vi orientere og svare på spørsmål om programfag til val. Møtet varer i maks 1 klokketime.

Ålesund vgs har to lokalitetar. Legg derfor merke til både klokkeslett og lokalitet for orienteringsmøtet:

  • Onsdag 4. september kl. 18.00 i auditoriet på Latinskolen :
    • Idrettsfag (ID)
  • Onsdag 4. september kl. 18.30 i auditoriet på Volsdalsberga :
    • Medium og kommunikasjon (MK)
    • Service og samferdsel (SS)
    • Naturbruk (NA)
    • Teknikk og industriell produksjon (TIP
  • Onsdag 4. september kl. 19.00 i auditoriet på Latinskolen :
    • Studiespesialisering (ST)
    • Studiespesialisering med entreprenørskap (STE)

Velkommen til orienteringsmøte, og til eit nytt skoleår ved Ålesund videregående skole!